Om STV

Student-TV i Volda blei offisielt stifta 18. november 2008, av fire eldsjeler ved Høgskulen i Volda. Bak initiativet låg ein draum, ein draum om å produsere fjernsyn. Av og for studentar i den vakre bygdebyen i ly av Rotsethornet. Det lukkast vi med til 1. april 2009, då vi hadde premieresending.

Nettstaden er organisasjonens eminente fjernsynskanal, med sendingar til ujamne tidsrom og stor glede. Der kan ein oppleve mellom anna dei nye sjangrane "vaskekte reality", "dokufiksjon", "uaktuelle nyhender" og "misforbrukerstoff". Alt går sjølvsagt føre seg på nynorsk. Sjølvsagt seier vi, fordi vi er trass alt i Volda og fint skal det vere.

Kontoret er situert i Aasenbygget ved Høgskulen i Volda, ein snøgg liten plass med vindauge ut til korridoren. Alle som vil er hjarteleg velkomne til å ta turen innom.

Nye og framtidige medlem blir spesielt godt mottatt. Vi treng engasjerte og joviale studentar til alt frå grafikk og musikk, skodespel og manus, nynorsk rettskriving og generell stemningsspreiing. Samt bort imot alt anna.

Bli oppdatert ved å følgje oss på og like oss på .

Styret